Bano på Sandane lagar framtidas sjukehusbad

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Første veka i mars var det duka for ein liten revolusjon på Haukeland Universitetssjukehus då eit ny type bad vart opna: "Bergensbadet", som er produsert av Bano på Sandane i Gloppen. Dette skal bli standarden for europeiske sjukehusbad.

Foto: Bano AS.

Det nye sjukehusbadet har kosta 12 millionar kroner, og er laga i eit samarbeid mellom Helse Bergen, produsenten Bano AS og Innovest, som er Helse Bergen sitt innovasjonsselskap.

– Målet vårt er at alle sjukehus skal ha slike bad, seier administrerande direktør Roy Elsayed ved Bano på Sandane i nordfjordkommunen Gloppen. Han seier til bt.no at baderomsopninga i Bergen 6. mars 2013 er ei storhending i europeisk samanheng.

– Vi har alt pågang frå sjukehus i Nederland, Frankrike og Tyskland, og håpar at vi med Bergensbadet har skapt ein eksportartikkel, seier Elsayed.

Målet med det nyutvikla badet er å gjere det lettare for rullestolbrukarar og andre rørslehemma å bruke bad på eiga hand.

Les heile saka på bt.no

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.