Baderomsprodusent i Gloppen får NHO sin fylkespris for nyskaping

Skriven 21.10.2014 under Nyheiter

Ut frå vurdering av kriteria for NHOs Nyskapingspris, og eit overordna fokus på årets tema: "Arbeid og velferd", har juryen plukka ut Bano-gruppa på Sandane til NHO Sogn og Fjordane sin Nyskapingspris 2011.

F.v.: Styreleiar i NHO Sogn og Fjordane, Ole Schanke Eikum, dagleg leiar for Strukturplast/Bano Sandane, Henriette Møll og fabrikksjef for Strukturplast / Bano Sandane, Frode Lindvik. Foto: NHO Sogn og Fjordane.

Prisen vart delt ut i samband med årets regionale årskonferanse for NHO Sogn og Fjordane 7. april i Florø.

NHOs Nyskapingspris vert delt ut for å belønne enkeltmenneske sitt initiativ og pågangsmot, og for å skape auka interesse og merksemd i samfunnet for etablering og nyskaping.

Vinnaren i Sogn og Fjordane vert nominert til NHOs nasjonale nyskapingspris, som vert delt ut på Småtinget 2011. I år vert dette arrangert i Trondheim 30.- 31. august. 

Bano-gruppa på Sandane består av verksemdene Strukturplast AS, Tron Industriar AS og Norteo AS. Desse firmaene utviklar og produserer ulike typar produkt for Offshore-  og helsemarknaden, og har det internasjonale firmaet Bano AS sin sentraladministrasjon og lager.   

I desse søsterverksemdene arbeider det no tilsaman 22 personar på Sandane i Gloppen kommune.

Bano-gruppa har i tillegg 15 personar i sin organisasjon, som arbeider med marknad og sal av sitt baderomskonsept i Norge, Sverige, Danmark og nedover i Europa.  

Bano-gruppa vert tildelt Nyskapingsprisen blant anna for å ha vist seg å ha eit overordna fokus på nyskaping og eit framtidsretta produkt. Dei har også vist at dei er lønsame, og at verksemda er levedyktig i Norge så vel som i utlandet. Bano-gruppa satsar også på eit ungt miljø og menneske i etableringsfasen. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.