Avdelinga deira lyser ut 34 (!) faste stillingar

Skriven 07.10.2020 under Nyheiter

I mars opnar Helse Førde ein ny seksjon innan psykisk helse, og då har dei behov for ein heil drøss med nye tilsette.

Toppfoto: Sigurd Folkestad (helsesportpedagog) og Kristine Solheim Førde (spesialsjukepleiar) jobbar begge på psykiatrisk klinikk i Førde. Dei gler seg til nytt bygg og nye smilande fjes på avdelinga. Foto: Helse Førde

Sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar står på rekrutteringslista til Svein Ove Alisøy, som er avdelingssjef for Psykiatrisk Klinikk i Helse Førde.
Eg har skumlese over søknadsbunken, og ser at vi har fått inn ein god del gode og relevante søknadar. Det er vi sjølvsagt glade for, men vi håpar å få inn endå fleire, seier han.

Stort fagmiljø

Avdelingssjefen kan lokke med eit splitter nytt, topp moderne sjukehusbygg. Bygget vil innehalde til saman fire sengepostar, poliklinikk og Førde BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk).
Det betyr at det blir eit stort fagmiljø innanfor veggane, så her er det absolutt rom for fagleg utvikling. Vi opnar også ein ny seksjon for psykose og tryggleik, og vi trur det kan vere svært interessant for mange å vere med på å etablere noko heilt nytt, seier Alisøy.

Søk på stillingane her

Variert kvardag

Han ser på Helse Førde som ein attraktiv arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø. Alisøy ser fleire positive sider ved at Helse Førde er eit mindre føretak.
Blant anna blir vi mindre spesialiserte, som igjen betyr at dei tilsette får vere med på fleire ting. Dei får ta del i fleire oppgåver, noko som kan vere spennande for mange. Eg vil også trekke fram eit aktivt forskingsmiljø med fleire tilsette i doktorgradsløp, seier han.

Spent: Svein Ove Alisøy er avdelingssjef på psykiatrisk klinikk. Han ser fram til å gå gjennom søkarbunken etter fristen har gått ut på søndag.

Jobb til partnar

Vidare skryt han av fylket sitt, og verdiane som finst her.
I Sogn og Fjordane har vi det veldig bra. Her er det fint for dei som søker etter å bu på ein mindre plass og kunne ha naturen tett på. Eg må få påpeike at eg er frå Sunnfjord sjølv, så eg er inhabil, ler han.

I tillegg vil eg løfte fram eit aktivt og breitt næringsliv i fylket. Så her er det gode moglegheiter for ein sambuar eller ektefelle å få seg jobb, om søkarane våre kjem utanfrå, skyt han inn.

Trivsel på jobben

Alisøy håpar at stillingane kan bidra til tilflytting til Sunnfjord.
Alle er velkomne hos oss. Vi håpar at vi kan lokke dei som kjem herfrå til å flytte heim, og dei som kjem frå andre fylker, til å flytte til. Ein del av våre tilsette kjem frå heilt andre plassar, og vi opplever at dei vel å bli hos oss. Generelt har vi lite utskifting, og det er forhåpentlegvis eit teikn på at folk likar seg.

Spennande dagar i møte

Til no er psykiater, psykologspesialist og seksjonsleiar på plass, alle med mange års erfaring.

Så gjenstår det å sjå om dei klarar å fylle dei resterande stillingane.
Det er for tidleg å seie noko om, men vi håpar sjølvsagt det. Vi har ingen erfaring med å tilsette så mange på ein gong, så eg er spent på om vi klarar det. Erfaringsvis veit vi at mange utsetter å søke til rett før fristen, så det blir spennande å følge med dei neste dagane.

Hugs å søke innan søndag 11. oktober! 

 

Sjå portalen vår for andre attraktive stillingar innan andre fagfelt

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.