Attraktive jobbar i august

Skriven 13.08.2020 under Nyheiter, Ukategorisert

Sommaren er på hell, og nye stillingar har begynt å tikke inn i portalen vår.

Coast Seafood i Måløy søkjer trainee innan IT

Ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram, med oppstart no allereie i august.

Her får du solid jobberfaring, fleire kjekke og lærerike samlingar saman med dei andre traineane og minner for livet.

Coast ser etter ein strukturertog sjølvstendig person som trivast med ein hektisk arbeidskvardag, der ein dag sjeldan er lik den neste. Det er viktig med gode kommunikasjonsevner, ein serviceinnstilt haldning og at ein er fleksibel.

Om du lurer på korleis det er å vere trainee i Coast kan du få eit innblikk i det her.

Søknadsfrist er allereie lørdag 15. august.

Bli trainee: Sikre deg eit godt nettverk og god erfaring med eitt år som trainee i Vestland.

Coast Seafood har også ledig stilling som Exucutive Assistant

Der arbeidsoppgåvene blant anna går ut på å organisere administrasjonsarbeidet og halde CEO oppdatert, bidra til å organisere, følge opp og sørge for at oppgåver vert avslutta. Forberede og delta i møter, og mykje, mykje meir. Ein variert kvardag, med andre ord.

Søknadsfrist er lørdag 15. august

 

Eid elektro søkjer prosjektingeniør

Arbeidsoppgåvene er å bestå i kalkulasjon, prosjektering og prosjektleiing innan produksjon av elektro – og automasjontavler. Du vert ein del av eit team på ni prosjektleiarar som jobbar med tavleleveransar til større anlegg over heile landet.

Om du er oppteken av kvalitet, tek ansvar, er ryddig, positiv og utadvendt, kan dette vere jobben for deg.

Søknadsfrist tysdag 1. september.

Digitaliseringsdirektoratet søkjer nettansvarleg

Ta del i eit spennande utviklingsprosjekt saman med andre flinke folk. Som nettansvarleg vert du ein av tre teamleiarar i kommunikasjonsavdelinga.

Dei er på jakt etter eit drivande og ambisiøst netthovud som brenn for å løyse brukaren sine behov og skape betre resultat. Dei siktar høgt, og målet er å vinne prisen for Norges beste offentlege nettstad innan to år. Om du vil skryte av å vere med på det arbeidet, må du søke på jobben innan søndag 30. august.

Dei er også på jakt etter

Rådgjevar/seniorrådgjevar til Nasjonalt ressurssenter for deling av data

Juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar

 

Proresult har tre faste stillingar ledig

Selskapet utviklar programvarer, spesielt retta mot bygg- og anleggsbransjen. Dei er i vekst og har behov for flinke folk. Proresult lovar varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit firma med god utvikling. Her får du jobbe saman med kjekke kollegaer i eit innovativt miljø.

Systemutviklar

Bedriftsrådgjevar

Kundekonsulent

Alle med søknadsfrist lørdag 15. august.

Hansen Technologies søkjer folk

Hansen Technologies (tidlegare Enoro) er ein leiiande global leverandør av programvaresystem for kundeservice, fakturering og datahandtering. Dei er i vekst og søkjer no etter fleire folk. Dei tilbyr ein god arbeid/liv – balanse, eit positivt arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver og gode utviklingsmoglegheiter.

Om du vil jobbe som

software utviklar/developer

eller

Dev Ops Manager

i eit spennande selskap i Dale, må du gripe sjansen før det er for seint!

Søknadsfrist på begge jobbane er tysdag 25. august.

 

Sjå heile lista for ledige jobbar her

 

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.