Anja Marken

Skriven 28.09.2018 under Trainee

Utdanning

Eg har ein bachelor i Forureining og Miljø frå Høgskulen i Telemark og ein master i Culture, Environment and Sustainability frå Senter for utvikling og miljø ved Universitet i Oslo.

Traineestilling

Eg er trainee innan arealplanlegging i Aurland kommune. Her har eg hovudsakleg ansvar for fire prosjekt, to reguleringsplanar og to temaplanar. Den første temaplanen eg arbeider med er ei kartlegging av friluftslivsområder i Aurland kommune. Her teiknar me friluftslivsområda me kjenner til inn på kart, kategoriserer dei og gir dei ein verdi. Dette er ein fantastisk måte å bli kjent i kommunen. Den andre temaplanen eg arbeider med er Bustadpolitisk handlingsplan, dette er eit utfordrande prosjekt som gir meg ekstra mykje å bryne meg på, akkurat slik eg liker det. Eg byrja i stillinga mi allereie i mai og fekk dermed tre månadar ekstra til å bli kjent med jobben før eg starta på trainee-året.

Difor søkte eg på traineestillinga

Gjennom traineestillinga får eg ei ekstra støtte som nyutdanna i arbeidslivet, samt ekstra lærdom gjennom traineesamlingane som er verdt å ta med seg vidare i arbeidslivet. Eg får også moglegheit til å danne eit nettverk som det vanlegvis tar fleire år å opparbeide, i tillegg til at eg blir godt kjent i Sogn og Fjordane. Eg søkte på denne stillinga fordi eg både får brukt utdanninga mi og nytte meg av erfaringa eg har fått etter seks år som lokalpolitikar. Eg føler at arbeidet mitt er nyttig og at eg har ein påverknadskraft. Eg ser derfor fram til dette året som trainee!

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.