Andreas Nyhagen Hole

Skriven 15.09.2016 under Trainee

Sunnfjord Energi

Utdanning

Mastergrad i Energi og Miljø frå NTNU Trondheim, utveksling til Danmarks Tekniske Universitet Lyngby.

 

Traineestilling

Eg er trainee i Sunnfjord Energi på nettavdelinga. Her skal eg innom ulike prosjekt for å få eit godt overblikk over dei ulike områda avdelinga arbeidar med.

 

Difor søkte eg på traineestillinga

Ettersom eg alltid har hatt eit ynskje om å flytte tilbake til Sogn og Fjordane var ei stilling som trainee i Sunnfjord Energi midt i blinken for meg. Gjennom traineeordninga til Framtidsfylket får ein ei unik moglegheit til å bli betre kjend med bedriftene og næringslivet i Sogn og Fjordane, samt knytte eit nettverk på tvers av heile fylket innan ulike bransjar. Som trainee i Sunnfjord Energi får ein moglegheita til å vere med på ulike områder og ein blir dermed godt kjend med bedrifta i tillegg til at ein får ein mjukare overgang til arbeidslivet. Dette, i lag med mykje god omtale frå tidligare traineear, gjorde sitt til at valet om å søkje til årets traineeprogram var enkelt.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.