Adrian 768x512

Adrian Wiik

Skriven 21.09.2017 under Trainee

Utdanning

Frå før av har eg tatt automatiseringsfaget ved Årdal Vidaregåande Skule. Eg vart deretter automatikarlærling hjå Ekornes i Hornindal, og tok fagbrev der. Eg er no utdanna automasjonsingeniør ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Traineestilling

Eg er tilsett hjå Proresult AS i Førde. Her jobbar eg med å vidareutvikle produkta våre, utvikle nye produkt, samt gje teknisk kundestøtte til kundane våre.

Difor søkte eg traineestillinga

Eg søkte på traineestillinga av fleire grunnar, men den største faktoren var at bedrifta og jobben virka veldig interessant. På skulen forelska eg meg fort i programmeringsfaga, og det utvikla seg til ein fritidsinteresse. Eg meiner det er viktig at ein arbeidsbeskrivelse og eigne interesser samsvarar. Det gjer jobbing om til leik.
Det er jo også kjekt at eg får jobbe i ei lokal bedrift, og dermed får støtte opp under lokalt næringsliv. Det at vi kun er 10 tilsette betyr også at eg får ein del ansvar og får dra ein større del av lasset, noko eg tykkjer er ein god ting. Traineesamlingane gjer det også lett å danne eit godt nettverk, ikkje berre med andre traineear, men også med næringslivet i Sogn og Fjordane.
Skiftet frå å programmere på fritida til å programmere i eit team for ein arbeidsgjevar er eit spennande steg å ta, og eg meiner det er godt med rom for personleg utvikling. Det virka også veldig interessant å få moglegheit til å dele kompetanse og erfaring med kompetente medarbeidarar. Eg var aldri i tvil om at dette ville være eit godt karriereval.