Martinefosse 768x512

Frå kokkelandslaget til Kalvåg

Skriven 09.03.2017 under Karriereprat, Nyheiter

I 8.klasse hadde Martine Fosse (23) nok timar til å fylle ei hundre prosent stilling som servitør på Knutholmen.

Foto: Instagram @martinefosse


For meg var det naturlig å involvere meg tidlig i familiebedrifta. Eg hadde interessa og syns det var utruleg gjevande. Eg starta i oppvasken som alle søskena mine, og derifrå var læringskurva bratt. Jo eldre eg vart, jo meir ansvar søkte eg. Noko eg også fekk. I 8. klasse hadde eg nok timar til å fylle ei hundre prosent stilling som servitør på Knutholmen. Det vaks eg mykje på, og eg er glad for at familien min let meg halde på.

18 år, huseigar og fast jobb

Neste stopp var Mo- og Øyrane VGS i Førde.  Eit naturleg val. Eg flytta på hybel åleine og grein meg i søvn kvar kveld det første året. Eg hadde slik heimlengsel. Heldigvis hadde eg fantastiske lærerar som tok godt vare på meg. Dei ofra familietid for å hjelpe meg og klassekameratane etter skuletid med elevbedrifta vår. Vi fekk ei rekkje oppdrag og laga mat til ulike tilstellingar. Lange kveldar og helgar prega av jobb, jobb og jobb. Men det vart det også pengar i kassa av!

Etter to fantastiske år på Øyrane Vidaregåande, fekk eg tilbod om lærekontrakt på Feinschmecker i Oslo. Eg takka ja, søkte bustadlån i banken og kjøpte meg leilegheit for pengane eg hadde jobba for. Det var viktig for meg å greie meg sjølv økonomisk, men og å stå på eigne bein. Det var ein milepæl for meg – 18 år, huseigar og fast jobb.

Eg treivst godt i jobb, lærte mykje og fekk vere med på utruleg mykje spennande som eg aldri vil gløyme. Og ikkje minst: Oslolivet var heilt topp! Her skulle eg vere leeeenge!! Ein kollega av meg foreslo dessutan at eg burde prøve meg som konkurransekokk. Eg berre lo og blåste det vekk. Den dillinga der var ikkje noko for meg.

Ei stund seinare fekk eg tilbod om prøvejobbing på Juniorlandslaget. Eg vart raskt tatt inn i varmen og fekk fast plass. Dette blei starten på et nytt eventyr. Vi jobba saman etter jobb, faste samlingshelgar og elles når vi hadde tid. Det var langt frå ein ni-til-fire-jobb, og tøft i periodar, men også fryktelig moro. På kokkelandslaget møtte eg også min store kjærleik, Martin. Lagkameratane mine vart som familie, og er i dag mine beste vener. Saman kapra vi gull i to kategoriar og bronse samanlagt. Å stå på pallen med det norske flagget på brystet med foreldra mine i salen – det var stort. Eg var hatt ei fantastisk heiagjeng i ryggen. Same året fekk eg også Furorestipendet frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Eg er framleis audmjuk og takksam for at dei valde nettopp meg.

Som alle andre år brukte eg sommarferien til å jobbe på Knutholmen. Det einaste som var annleis dette året, var at eg nyleg hadde tatt fagbrev som kokk. Så fekk eg spørsmål av bror min, Jan Fredrik, om eg kunne drifte kjøkkenet på Knutholmen i eitt år.

Eg tok utfordringa på strak arm og takka ja. Deretter ringte eg Martin for å høyre om han trengte jobb. Før han rakk å svare, sa eg klart ifrå at planen for det neste året var klar, det var berre å hive seg rundt.

Lokale råvarer med meining og kjærleik

Januar 2015 flytta eg og Martin til Kalvåg. Vi hadde store sko å fylle, høge forventningar og skrekkblanda fryd i magen.

Vi har sidan den dagen jobba godt i lag. Jobben har blitt en livsstil og vi trivast med det. Vi blir veldig inspirerte av gamlingen/pappa og Jan Fredrik. Dei har mange idear og ei pådrivarkraft som det står stor respekt av. Vi har funne vår plass og jobbar hardt for å bli betre, levere god kvalitet og gode økonomisk tal. Vi skal gjøre alt vi kan for at gjestene som besøker Knutholmen skal ha ei positiv oppleving, få servert lokale råvarer som er tilberedt med meining og kjærleik.

Leilegheita i hovudstaden er seld, og vi er i full gang med husbygging. Eg er 23 år og føler meg på ingen måte ferdig med karriere eller jobbmulegheiter. Livet og mulegheitene stopper ikkje opp, sjølv om ein flyttar utanfor ring 3.  Mykje har skjedd i næringslivet i Sogn og Fjordane dei siste åra, utviklinga er stor, og reiselivet er på rett veg.

Vi har en trygg arbeidsplass, vi får vidareutvikle det som foreldra våre starta, noko som er gjevande og meiningsfullt å vere med på. Eg får treffe masse flinke og inspirerande folk, og eg veit at vi kan få til mykje bra fylket. Denne reisa vil eg vere med på!

 

Lese meir om lokale smakar frå Sogn og Fjordane? Sjå artikkelen Smakfull Business i magasinet vårt #Utanfilter her