30 nye traineear i Framtidsfylket

Skriven 23.05.2018 under Nyheiter

Kabalen for neste års traineekull er lagt. Rekordmange 30 traineear startar i Framtidsfylket sitt traineeprogram i august.

– Det er gledeleg å sjå at så mange kompetente unge menneske ser mot Sogn og Fjordane, og dei mulegheitene næringslivet her har å by på, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland.

Dei siste åra har interessa for traineeprogrammet dobla seg – både i tal bedrifter som søkjer trainee, og tal søkjarar til stillingane. Programmet er no det største regionale traineeprogrammet i Norge.

– Vi nærmar oss ei maksgrensa for kor mange vi kan ta inn, rett og slett fordi vi ikkje har kapasitet til det. Til neste år må vi sjå om skal løyse det på ein annan måte, for å tilrettelegge for fleire bedrifter. Det er absolutt eit luksusproblem, seier Hovland.

Frykta få søkarar
Strukturplast på Sandane var med i utlysinga for første gong, og dagleg leiar Frode Lindvik fekk 26 søkjarar til si traineestilling.

– Vi søkte etter folk med ein svært spesifikk kompetanse innan plast og polymerteknologi. For å vere ærleg var eg redd for at vi ikkje ville få kvalifiserte søkjarar i det heile tatt.

Den gong ei. Lindvik fekk store problem med å velge blant søkarane sine.

– Vi tok inn fire kandidatar på intervju, og måtte ha fleire runder før vi klarte å velge, fordi det var så høgt nivå på alle fire. Rekkjevidda til Framtidsfylket kombinert med omdømet til traineeordninga gjorde at vi traff veldig mange. Vi hadde aldri fått liknande respons ved å lyse den ut lokalt, seier Lindvik.

Stor geografisk spreiing
Rundt 70 prosent av søkjarane kjem frå andre fylke enn Sogn og Fjordane. 30 prosent er interne søkjarar.

– Det er dyktige folk frå heile landet som har søkt, som er nettopp det vi jobbar for. Vi skal vise fram mulegheitene som finst i fylket for alle, same kvar ein kjem frå, seier Hovland.

Det å vise fram dei spennande og innovative bedriftene i Sogn og Fjordane, meiner ho har vore viktig for eit godt søkarresultat år etter år.

– Det er sunt for fylket å få inn personar med anna kunnskap og bakgrunn enn det vi sit på sjølv. Det at mesteparten av søkjarane faktisk kjem utanfor fylket viser at vi når målgruppa, seier Hovland.

Viktig møtearena
Årets karrieremesser i Trondheim og Bergen har også gitt utslag i søkjartalet. Med rekordoppslutnad blant bedriftene fekk ein vist fram mangfaldet i næringslivet for deltakarane på messa. Og mange av årets søkjarar kjem frå nettopp desse byane.

Strukturplast deltok på begge karrieremessene, og traff fleire av søkjarane der.

– Det er begrensa kva stillingsutlysinga seier om jobben. Då er messene ein god arena for å møte bedrifta og stille dei spørsmåla ein lurer på.

Dei siste tre åra har Framtidsfylket hatt over 1000 søkarar til traineestillingane. Årets søkjartal enda på i overkant av 600.

– Vi ser to hovudgrunnar til færre søkjarar. Nokre bedrifter søkte etter svært smale fagfelt, i motsetning til tidlegare år, der dei har gått breiare ut. Så to av bedriftene gjekk frå nesten 200 søkarar til 20. Elles har bedriftene jamt over hatt gode søkartal, seier Hovland.

– I tillegg fekk vi rundt 200 færre søkjarar frå austlandsområdet enn normalt, og dette er ein tydeleg konsekvens av at vi ikkje arrangerte karrieremesse i Oslo i år. Så vi skal tilbake til hovudstaden neste år, men kanskje i ei ny drakt, seier Hovland.