Kan du bruke 3 minutt på framtida til Sogn og Fjordane?

Skriven 2017-09-07 under Nyheiter

Trivselsfylket, der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og der alle skal ete fysst. Er det Sogn og Fjordane 2017? Hjelp oss å kartlegge!

Framtidsfylket skal i gang med eit større merkevareprosjekt for Sogn og Fjordane.

Vi trur at det er lite samsvar mellom det som skjer i Sogn og Fjordane, og korleis fylket vert oppfatta utanfrå. Fylket vert presentert som traust, der bunad, felespel og ferjesveler er oppbrukte karakteristikkar. Dette står i sterk kontrakt til det Sogn og Fjordane vi kjenner. Vi treng difor dine innspel på kva Sogn og Fjordane er for deg.

Kartlegginga vert gjort i samarbeid med kommunikasjonsbyrået Trigger, og er eit ledd i å forbetre vårt arbeid i Framtidsfylket. Vi set stor pris om du vil bruke 3-5 minutt på denne undersøkinga.

GÅ TIL SKJEMAET