Unnamed 768x512

29 år, driftssjef og fiskedoktor

Skriven 09.04.2017 under Karriereprat, Nyheiter

Monica Kalberg ville enten bli oppdrettar eller rallybilsjåfør. I ein alder av 29 har ho framleis ikkje lappen, men er blitt driftssjef og fiskedoktor på Svanøy Havbruk.

Når ein er født og oppvaksen på mærdkanten, får ein oppdrett inn med morsmjølka. Begge foreldra mine var oppdrettarar, og eg måtte finne meg i å vere med på det meste. Som treåring vart eg ”forlatt” i ein fôrautomat når dei måtte jobbe. Ein vanleg praksis. Venninnene mine vart sett i sele på anlegga når foreldra ikkje hadde barnevakt. Og tenk – eg er her enno. Eg sit riktig nok ikkje lenger i ein forautomat, men spring rundt på mærdkanten.

Oppdrett vart ein naturleg karriereveg. Eg gjekk akvakultur på vidaregåande i Måløy, tok fagbrev og studiekompetanse. Planen var å starte på havbruksbiologi på UiB, men då var eg lei av å studere, så eg tok eit ”friår” på Idrettshøgskulen i Oslo. Eit fantastisk lærerikt år! Men så var eg klar for havbruk og fiskehelse i Bergen, og no er eg snart ferdig utdanna fiskehelsebiolog.

 

Gjennom heile utdanninga har eg brukt feriar og vore tilkallingsvikar på Svanøy Havbruk. Eg hadde også eitt år der eg jobba og studerte 100 prosent, berre for å teste korleis det var. Veldig effektivt, men veldig lite sosialt – om ein ser bort frå fiskane.

Eitt år før eg var ferdigstudert fiskehelsebiolog, fekk eg jobbtilbod om å bli driftleiar på Svanøy Havbruk. Eg tenkte først: er han sprø? Men så: Kva er det verste som kan skje? At eg tabbar meg skikkeleg ut. Det har eg sikkert gjort også, men tør ein ikkje gå på ein smell eller to, oppnår ein ikkje draumane sine.

 

Eg jobbar no med det eg har drøymt om sidan eg var ei lita jente. I alle fall då eg la draumen om å bli rallybilsjåfør på hylla. Når ein ikkje har lappen når ein er 29, er vel det løpet køyrt. For meg er fisk sjølve livet, og eg føler meg utruleg heldig som for jobbe akkurat her.

Oppdrett er ei innovativ og spennande næring å jobbe i, og kanskje ei av Norges viktigste framtidsnæringar. Eg er samtidig stolt over å vere med på å produsere eit produkt som vert seld over heile verda. Svanøy Havbruk er ein fantastisk arbeidsplass, men fleire spennande prosjekt på gang. Kort og godt – eg stortrivast.

Planen no er å bli ferdig utdanna fiskedoktor og få meir tid til friluftsliv. Svanøy har, som alle andre stader, fordelar og ulemper. Ein kan velge å sjå problem eller utfordringar. Ja, eg er avhengig av båt. Men er ikkje dei fleste andre avhengig av buss, bil eller tog? Båt er då mykje kjekkare! Samtidig kan eg hive meg i kajakken eller fridykkarutstyret rett utanfor stovedøra. Magisk.

Om ein er villig til å flytte litt på seg, vil ein sjå at karrieremulegheitene er overalt. Om du viser at du kan jobbe, står på og har litt bein i nasa, har du gode mulegheiter til å nå dit du vil. Ingenting kjem gratis.

Om eg blir verande på Svanøy for alltid? Vel, det er et lite stykke paradis. Tida vil vise.