17361924101583609272500524041276785563247888n 768x512

27 nye traineear i 2017/2018

Skriven 12.06.2017 under Nyheiter

1000 søknader kom inn til årets traineestillingar. No er 27 traineear tilsett i 21 bedrifter! Sjekk dei ut her!

– Vi er svært stolte over å kunne ta i mot det største traineekullet i Framtidsfylket si historie. 27 traineear er no tilsett i 21 bedrifter i Sogn og Fjordane, seier Gro Rukan, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Heile 1000 søknader kom inn til dei 27 utlyste traineestillingane, då søknadsfristen gjekk ut 1. mars i år. Hos Førde Sementvare, Highsoft og iVest Consult vart det av ulike årsaker ikkje tilsett trainee, medan Sparebanken Sogn og Fjordane, Enoro, Mediebruket og Coast Seafood valde å tilsette ein ein ekstra trainee utover traineen dei søkte etter.

Unge forretningsutviklarar
Nytt av året er at kullet vert delt opp i mindre grupper.

– Programmet er no blitt så populært, at for å ivareta fokuset på personleg utvikling, deler vi opp kullet i mindre grupper. Eit viktig suksesskriterium for traineeordninga har vore tett oppfølging av kvar einskild kandidat, og det er enklare å gjere med 15 enn med 30.

Traineeane har som alltid god spreiing – både geografisk og fagleg. Eit særtrekk i år er at fire bedrifter hentar inn traineear til forretningsutvikling.

– Mediebruket, Aksello, Sparebanken Sogn og Fjordane og Sødermann Rågivning vel alle å tilsette nyutdanna som forretningsutviklarar. Dette er eit tydeleg teikn i tida, at kompetansebiletet snur, og bedriftene ser verdien i å tilsetje unge til å utvikle bedrifta vidare, seier Rukan.

Traineeane startar i sine bedrifter i august.

Traineekullet 2017/2018

Trine Vederhus – Aksello (Florø)
Oda Holmelid Sandvik – Mediebruket (Førde)
Endre Erdal – Mediebruket (Førde)
Sondre Austreim – Fjord1 ( Florø)
Andreas Campell Pedersen – Sparebanken Sogn og Fjordane (Førde)
Christina Tønset – Sparebanken Sogn og Fjordane (Førde)
Stine Austrheim Olsen – Sparebanken Sogn og Fjordane (Førde)
Rakel Synnøve Ullebust – Enoro (Fjaler)
Øyvind Larsen Sunde – Enoro (Fjaler)
Simen Farberg – Melin Medical (Gloppen)
Jon Olav Aurdal – Sødermann Rådgivning (Eid)
Ida Mohn Werner – Aaland arkitektkontor (Stryn)
Marie Stensvoll – Westcon Yard (Florø)
Robert Lange – Airlift (Gaular)
Bendik Fossen – Sunnfjord Energi (Førde)
Frank Tore Farsund Tveit – Sogn og Fjordane Fylkeskommune (Leikanger)
Stine Mari Nytun Leirdal – Sogn og Fjordane Fylkeskommune (Leikanger)
Ole Rosenlund – Åsen & Øvrelid (Førde)
Trond Bolset – Normatic (Eid)
Adrian Wiik – Proresult (Førde)
Marita Leiknes – Deloitte (Florø)
Jill Aasen Hole – Coast Seafood (Måløy)
Veronica Lofnes Silden – Coast Seafood (Måløy)
Marius Reiakvam – Enivest (Førde)
Bård Henjum – Lotteri- og stiftelsestilsynet (Førde)
Vegard Moritsgård Flatjord – Sogn og Fjordane Energi (Gloppen)
Ida Gundersen – Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (Leikanger)