Kmbergen20180598 768x512

26 år og fast jobb som forskar

Skriven 23.02.2018 under Nyheiter

Etter å ha fullført ei mastergrad med fordjuping i klimaendringar og reiseliv, glei Ida Marie Gildestad rett inn i ei forskarstilling ved Vestlandsforsking.

Tekst:  Laila Borge

Som masterstudent vart det klart for Ida Marie Gildestad at dei felta ho interesserte seg mest for var klima, miljø og reiseliv. Då ho såg ei utlyst traineestilling ved Vestlandsforsking, innsåg ho at ho der kunne få jobbe med akkurat desse felta, og inngå i eit nettverk av forskarar som er heilt i front på områda.

– I denne jobben får eg fordjupe meg i det eg syntest var mest spennande i utdanninga. Dessutan får eg jobbe med forsking, noko eg gjerne ville gjere meir av etter å ha skrive masteroppgåve, seier ho.

Forskinga får synlege resultat
Det er inga sjølvfølge for ein 26-åring å gå rett frå masterstudium til forskarjobb. For Ida Marie Gildestad starta det med traineestillinga ved Vestlandsforsking. Forskingsinstituttet er med på Framtidsfylket Trainee, eit program som gjev nyutdanna ein inngang til ulike arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Etter eitt år som trainee fekk ho fast jobb.

Direktør Merete Lunde ved Vestlandsforsking er glad for å ha satsa på Ida Marie.

– Ho tar forskingsoppgåvene på strak arm. Det har vore kjekt å følgje henne gjennom året som trainee og nå i oppstarten av forskarkarrieren, seier ho.

Då Ida Marie jobba med masteroppgåva, der ho skreiv om regional utvikling i Valdres, var det fleire av dei ho intervjua som viste til Sogndal og Sogn og Fjordane og det ein har fått til her.

– Sogndal er kjent for å få til mykje, sjølv om forholda er små. Eg var fascinert over at det fanst så mykje skaparkraft og utvikling her. Dette er ei bygd der det er lov til å skilja seg ut og prøva seg fram, og det er kort veg mellom ulike aktørar, seier ho.

Som forskar ved Vestlandsforsking opplever ho å kome tett på dei ho forskar på. Prosjekta ho jobbar med kan raskt få synlege resultat. No jobbar ho mellom anna med eit prosjekt der ho ser på bruken av utmark i Sogndal, Luster og Gloppen, og korleis utmarka kan brukast til fleire aktivitetar, til dømes terrengsykling, jakt og turgåing. I prosjektet, som er finansiert av Regionalt forskningsfond Vestlandet, set kommunane i gang tiltak, medan Vestlandsforsking samlar inn ulike data og testar effekten av tiltaka.

Byggjer internasjonalt nettverk
For ei som vil forske på klimaendringar og reiseliv er Sogndal rette staden. Ein artikkel i det internasjonale vitskaplege tidsskriftet «Journal of Sustainable Tourism» tok i fjor for seg kva forskingsmiljø som publiserer mest om samanhengen mellom klimaendringar og turisme. I nettverket av institusjonar som samarbeider om denne forskinga, sto Vestlandsforsking fram som einaste norske aktør og einaste institutt blant ei rekkje universitet i Australia, New Zealand, Canada, Kina og andre europeiske land. Daniel Scott, som har vore gjesteforskar ved Vestlandsforsking, vart i artikkelen trekt fram som den forskaren som publiserer mest på dette feltet, medan den som publiserer nest mest er Stefan Gössling som er ein av forskarane ved Vestlandsforsking.

Den aktive deltakinga i internasjonale forskingsnettverk gjer at forskarane i Sogndal får viktige kontaktar over heile verda. I fjor var Ida Marie involvert i prosjektet «Klimaomstilling i reiselivet», saman med to av verdas fremste forskarar på vintertilpassing av reiselivet: Daniel Scott frå Universitetet i Waterloo i Canada og Robert Steiger frå Universitetet i Innsbruck i Austerrike. Dette var den første systematiske analysen av korleis klimaendringane vil påverke vinterturismen i Noreg. Det vart modellert framtidige snømengder og tilhøve for kunstsnøproduksjon, og berekna kor mange dagar i året det vil vere mogleg å stå på ski på ulike skidestinasjonar i 2030, 2050 og 2080. Det er spesielt anlegg nær kysten og i lågareliggande strøk som vil slite med lite snø.

Prosjektet var finansiert av «Forskingsprogram for innovasjon og verdiskaping i reiselivet i Sogn og Fjordane» med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Innovasjon Norge og andre regionale aktørar med interesse for reiseliv, og er del av ei større satsing på forsking som vil gje konkurransefortrinn til reiselivet i regionen. Prosjektet om snø i skianlegga fekk mykje merksemd i media, og Ida Marie opplevde at skianlegga tok resultata på alvor. Ho trur norske skidestinasjonar har gode føresetnader for å trekkje fleire folk til skianlegga i framtida.

– Vi var i møte med destinasjonsselskap og skianlegg for å diskutere resultata og korleis dei kan tilpasse seg. Mange har allereie sett i verk tiltak når dei har oppgradert anlegga og investert i snøkanonar, seier Ida Marie.

No er ho med på eit nytt forskingsprosjekt som nådde opp i konkurransen om forskingsmidlar frå Forskningsrådet rett før jul. Der skal dei sjå på konsekvensane av klimaendringane ikkje berre på vinterturisme, men på ulike turistaktivitetar. Også i dette prosjektet samarbeider forskarane med reiselivsnæringa. Både DNT, Destinasjon Hardanger, Visit Sognefjord, Destinasjon Lofoten og Flåm AS er med som partnarar.

Trivst med å bu i Sogndal
Ida Marie skil seg litt ut i Sogndal, ved at ho verken står i skitrekk eller går på toppturar. Som austlending er ho derimot veldig glad i å gå på langrennsturar. Om hausten går ho i fjellet, og squash kan ho spele heile året. Ho føler ikkje at det manglar på tilbod i Sogndal.

– Eg er imponert over kulturtilboda her. Eg har aldri gått så mykje på kino og teater som etter at eg flytta hit. Det er gjerne slik at når det ikkje skjer noko heile tida, så går ein når det først skjer. Og då er det alltid mange som vil vere med, fortel ho.

Då bærumsjenta søkte på traineestillinga ved Vestlandsforsking hadde ho aldri vore i Sogndal.

– Det var sjølvsagt ein overgang å flytte hit frå Oslo, men eg var veldig motivert og visste at Sogndal hadde eit ungt miljø på grunn av høgskulen og fleire små og store bedrifter, seier ho.

Ho trur at overgangen frå studium i Oslo til jobb i Sogndal vart mjukare fordi ho var ein del av eit traineeprogram.

– Vi var to traineear på Vestlandsforsking og totalt 22 stykker i traineekullet som begynte i 2016. Vi hadde fire fellessamlingar, bedriftsbesøk og ein utanlandstur til Brussel. Det gav oss ein behageleg introduksjon til fylket og næringslivet, seier ho.

Sogndal har mange tilflyttarar som kjem rett frå studia til ny jobb. Difor er det mange i same situasjon som Ida Marie. Dette gjeld også fleire av kollegaene i Vestlandsforsking.

– Det er ein innmari hyggeleg arbeidsplass, med fin fordeling mellom kjønn og alder. Vi har det sosialt og et lunsj saman kvar dag, fortel ho.

Ser heile bildet
Ida Marie har interessert seg for klima og miljø i mange år, og det var gjennom mastergrada ho fekk høvet til å fordjupe seg i dette.

– Det er ein av dei største utfordringane vi står overfor både no og i framtida, og det angår alle. Det er eit problem som det ikkje finst noka enkel løysing på, og det vil påverke mange næringar. Eg synest det er spennande å gå inn i detaljane, og samstundes behalde det heilskaplege perspektivet, seier ho.

Ho meiner det er viktig å forske på både korleis ein kan redusere utsleppa, og korleis ein kan tilpasse seg til klimaendringane. Ho trur mange gløymer å sjå begge desse perspektiva. I skiturismen vil til dømes snøproduksjon og tilreisande turistar skape nye utslepp av klimagassar som kan føre til enda varmare vintrar.

Før ho begynte å forske på reiseliv i masteroppgåva si, var Ida Marie lite merksam på at reiselivsnæringa på den eine sida er sårbar for endringar, samstundes som næringa sjølv står for store utslepp. Då ho gjorde intervjua sine i Valdres, opplevde ho at mange snakka om korleis dei kunne vere ein del av det grøne skiftet lokalt, men at dei i same andedrag fortalde korleis dei ville trekkje fleire turistar frå Asia.

No ser ho liknande paradoks i andre prosjekt ho jobbar med ved Vestlandsforsking. I det europeiske forskingsprosjektet «Smart City Hospitality» ser dei på korleis urban turisme kan verte meir berekraftig.

– Det er typisk at hotella bed gjestane om å behalde handklea til neste dag, men samstundes annonserer for å få folk til å fly dit, seier ho.

Masteroppgåva bana veg
Ida Marie Gildestad hadde ikkje ei forskarkarriere i bakhovudet då ho valde tema for masteroppgåva, men ho oppmodar andre til å vere strategiske og tenkje på kva som vil vere viktig å forske på i framtida.

– Vi hadde masteroppgåve på 60 studiepoeng, og då vert oppgåva som eit lite forskingsprosjekt. Eg trur det er smart å sjå på masteroppgåva som viktig for vidare karriere. Det er ei unik moglegheit til å gjere eit djupdykk i eit felt som ein synest er spennande og forhåpentlegvis nyttig. Med avgrensa jobberfaring har ein ikkje nødvendigvis så mykje å vise til som er relevant for framtidige jobbar, og masteroppgåva er kanskje det eine store sjølvstendige arbeidet ein har gjort, seier ho.

Sjølv set ho stor pris på å ha fått fast jobb som forskar ved Vestlandsforsking.

– Her får eg jobbe med så mykje spennande, eg vert utfordra og eg utviklar meg både personleg og fagleg. Eg trur mange har gode karrieremoglegheiter om dei vågar å sjå utanfor dei største byane. Her er det rom for at vi som er unge kan få meir ansvar, seier ho.