Image1kopi 1 768x477

24 av årets 27 trainear blir i Sogn og Fjordane

Skriven 20.06.2018 under Nyheiter, Ukategorisert

Andreas Campell Pedersen frå Hedmark fekk fast jobb i Sparebanken Sogn og Fjordane etter eit år som trainee. No flyttar også dama til Førde.

– Hovudgrunnen til at eg blir er at eg trivast veldig godt i jobben. Eg har det også veldig fint i Førde, og har blitt kjend med mange nye folk. Kulturtilboda er ikkje som i Oslo, men det er heller ikkje det som fristar for min del. Friluftslivet er det som har dratt meg mest. Spesielt fjella, seier Pedersen, som kjem frå Brumunddal.

Dreg kjærasten med seg
I tillegg til at han sjølv har flytta til Sunnfjord, har han no lokka med seg kjærasten. Ho studerer juss ved Universitetet i Oslo, der ho har to år igjen.
– Det er lite obligatorisk på skulen, så då kan ho fint studere frå Førde. Vi håpar at ho etterkvart kan få seg relevant jobberfaring i form av sommarjobb eller deltidsjobb her i fylket.

Kjærasten er frå Oslo og har alltid budd der. No ser ho fram til å flytte til ein mindre plass, seier Pedersen. Han kan også fortelle at ho er glad i friluftsliv, og at dei begge gler seg til ho kjem med flyttelasset sitt i august.
– No har vi hatt avstandsforhold eit år, så det blir fint å flytte ilag, seier Brumunddølen.

Teknologibedriftene imponerte
Han har vore på besøk i Førde nokre helger, men kjente ikkje byen så godt før han tok steget og flytta til Sunnfjord.
– Det som overraska aller mest viste seg å vere høgteknologibedriftene som er i fylket. Og at det er så mange store bedrifter her. Det ante eg ikkje i forkant, seier han.

Han har økonomiutdanning frå NTNU i Trondheim, og angrar ikkje på at han valde traineeordninga.
– Som tilflyttar er det heilt topp å komme til Sogn og Fjordane som trainee. Det er innmari fint å bli kjent med nye folk, utvide nettverket sitt og bli kjent med næringslivet i Sogn og Fjordane.

Fast jobb
Jill Aasen Hole er blant dei mange traineane som blir i Sogn og Fjordane. Ho har ein master i industriell økonomi og teknologiledelse frå NTNU i Trondheim, og har vore tilsett som trainee i Coast Seafood i Måløy.
– Det faglege på jobb er veldig bra. Ein får prøve ut ting og folk forstår at ein vil lære. I Coast har alle vore hjelpsame og vist meg ting – alt frå fisk, som eg ikkje visste noko om, til teknologi. Dei har vore tålmodige med meg, og eg har fått blitt med på utruleg mykje. Eg ser at eg vil få mange mulegheiter til å få jobbe med spennande oppgåverframover, noko som gjorde at eg takka ja til jobb vidare, seier 25-åringen.

Sjå fylket i større samanheng
Ho trekk fram Brussel-turen som det beste minnet frå året som har gått.
– Den dagen vi var på EU-kommisjonen var veldig spennande. Det var interessant å sjå Sogn og Fjordane i lys av alt som skjer, og sjå at det som skjer der faktisk påverkar oss.

Frå nabofylket
Hole er frå Åheim i Vanylven kommune, som ligg fem minutt frå fylkesgrensa til Sogn og Fjordane. Før ho tok til på traineeåret visste ho lite om det som rører seg i næringslivet i Sogn og Fjordane.
– Eg fekk ei lita aha-oppleving då eg såg alt som var her. Eg hadde blant anna aldri vore på Campus i Sogndal før og der skjer det jo SÅ mykje. Det er spennande å sjå at teknologibedrifter klarar seg i den såkalla «utkanten». Det er sant det dei seier at om ein har internett kan ein ha bedrift kor ein vil.

Eigen klasse
Ho skildrar traineeprogrammet som utfordrande, lærerikt og ein god overgang frå skule til jobb.
– Ein får bruke utdanninga si og ein lærer mykje ein aldri hadde fått mulegheit til frå skulebenken. Denne lærdommen kjem frå ein kombinasjon av bedriftsbesøka i fylket og sjølvsagt bedrifta ein er tilsett i. I tillegg blir traineegruppa som ein eigen «klasse», som bryr seg om kvarandre og stiller spørsmål om det ein jobbar med. Det er gull verdt.

Vi har lykkast
Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket, er svært fornøgd med at nesten alle traineane blir i Sogn og Fjordane.
– Hovudoppgåva til Framtidsfylket er rekruttering og det å synleggjere dei mange og varierte karrieremulegheitane vi har her i fylket. I tillegg til karriere har vi fokus på det sosiale og nettverksbygging på tvers av bransjar. Når så traineeane vel å bli verande er det eit teikn på at vi har lykkast, seier ei smørblid Hovland.