20 000 til veldedige formål

Skriven 09.03.2015 under Nyheiter

Fire deltakarar på karrieremessene fekk bruke lommeboka til SFE og dele ut 20 000 kr til veldedige formål.

GODT FØREMÅL: Magnus Frydnes,leiar av Redd Barna sitt lokallag i Bergen, tek i mot gåvesjekken på kr. 5000 frå SFE. Foto: SFE.

Tematikken på årets karrieremesser i Trondheim, Bergen og Oslo var samfunnsansvar, og i staden for tradisjonelle giveaways, ville Sogn og Fjordane Energi teste ein ny vri. Dei hadde ein eigen quiz, der vinnaren fekk 5 000 kr – til eit sjølvvalt veldedig føremål.

– Vi fekk svært gode tilbakemeldingar og opplevde ei større interesse for å delta i quiz no enn tidligare. Vi erfarer at nyutdanna er opptekne av bedrifter sitt samfunnsansvar og med denne quizen fekk vi vist at vi er eit selskap som er vårt samfunnsansvar bevisst, seier Jannicke Lindvik, kommunikasjonsrådgjevar i SFE.

Fire ulike organisasjonar får no ei fin overrasking.

I Sogndal gav Gislaug Sagerøy 5000 kr til PLAN NORGE. I Trondheim gav Fredrik Eikum Solberg 5000 kr til REDD BARNA. I Oslo gav Caroline With Bjørnstad 5000 kr til LEGER UTAN GRENSER. I Bergen gav Ida Bruågdal 5000 kr til INGENIØRAR UTAN GRENSER.

– Vi har tru på at i den store samanheng er det å bry seg og hjelpe andre noko som gir meining. På messene er det mange studentar, og det er kanskje ikkje gruppa med romslegast budsjett. Her fekk vinnarane høve til å bruke vår lommebok til å gje vekk pengar. Vi ønskte rett og slett å gje bort gleda av å gje, seier Lindvik.

SFE har i mange år hatt ein samfunnsansvarleg paraply over bedrifta.

– Vi har hatt eit samarbeid med Plan Norge der SFE byggjer brønner i Sierra Leone, som er av dei fattigaste landa i verda. Vårt prosjekt åleine vil gje 15 000 menneske tilgang på reint vatn. (SFE «lever» av vatn, medan i Sierra Leone treng dei vatn for å leve). Dei to siste åra har også vi gitt pengar til Plan Norge i staden for julegåver til våre tilsette. Vi har merka oss at denne type samfunnsansvar engasjerer og skapar intern stolthet i bedrift, seier Lindvik.

Ho understreker at samfunnsansvar i næringslivet kan ha svært mange former.

– Samfunnsansvar er ikkje noko ein gjer som eit enkelttiltak, det er heller ein måte å drive verksemd på og ein naturleg del av dei daglege drifta. Å gje bidrag til veldedige organisasjonar, er éin måte å vise samfunnsansvar på. At vi tek vare på naturen når vi byggjer kraftverk og linjenett, at vi årleg sponsar mellom 60-80 lag og organisasjonar, at vi er IA-bedrift, at vi er miljøsertifiserte, og at vi bidreg til forsking og utdanning er andre måtar å vise engasjement for omverda på, seier Lindvik.

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.