1000 besøkande på årets karrieremesser

Skriven 23.02.2017 under Nyheiter

Årets karrieremesser er no historie. Over 1000 besøkande fekk møte næringslivet frå Sogn og Fjordane i Trondheim, Oslo og Bergen.

– Vi håpar at det er mange som fekk møte sin framtidige arbeidsgjevar på karrieremessene. Ut i frå tilbakemeldingane vi har fått frå bedriftene, møtte dei mange gode kandidatar, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Gro Rukan.

Karrieremessene har forankra seg som ein viktig møteplass mellom bedrifter og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane.

– Messene er ein smeltedigel, der du blir kjend med bedrifter og mulegheiter som du ikkje får møte i kvardagen. Det er alltid behov for nye impulsar og å rekruttere folk som kan nye ting. Difor må vi vise oss fram og fortelle kva mulegheiter som er i Sogn og Fjordane, seier Ola Teigen, ordførar i Flora Kommune.

Artikkelen held fram under filmen.

Tilpassing til marknaden
Medan Trondheim og Bergen trekte bra med folk, kom det færre enn venta i Oslo. Rukan fortel at hovudstaden trekkjer eit meir vaksent publikum, noko som kan kreve ei anna form på arrangementet.

– Målet vårt er å leggje til rette for gode møteplassar mellom bedrifter og potensielle tilflyttarar, og kanskje er tida moden for å tenkje nytt. Samtidig fekk vi tilbakemeldingar frå bedriftene at dei hadde fått fleire relevante namn på blokka. Så sjølv om det ikkje var stinn brakke på Ballroom, var det høg kvalitet på dei som var der, seier Gro Rukan.

Ho ser ikkje bort frå at Framtidsfylket vil setje opp andre typar møteplassar i framtida.

– Karrieremessene har endra seg litt etter litt desse 11 åra vi har halde på. Vi må heile tida tilpasse oss marknaden, og lytte til kva bedrifter og besøkande ønskjer av Framtidsfylket. Vi er her for dei, seier Rukan.

Rekordmange traineestillingar
Dei 27 traineestillingane var eit stort trekkplaster til messene. I morgon går søknadsfristen ut, og bedriftene skal ta fatt på sine søkjarbunkar.

– Vi ser at det er mange unge, dyktige folk som ønskjer seg ei framtid i Sogn og Fjordane, og det kan vi godt forstå, seier Rukan.

Vi vil med eit bildedryss under takke alle som bidrog til å skape stemning på årets karrieremesser, både bedrifter og besøkande, og vi håpar å møtast igjen neste år.

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.