10 kule jobbar i juni!

Skriven 14.06.2019 under Nyheiter

Plutseleg dukka det opp ei røys med kule stillingar i Sogn og Fjordane. Sjekk ut!

Foto: Firda

Her er ti bedrifter som ser etter nye kollegaer:

  1. Er du Firda sin nye Digitaljournalist? Ein journalist som er i stand til å fortelje historier med nye digitale verkemiddel, som kan filme, redigere og sende direkte frå store og små hendingar? Send ein søknad til verdas største nynorskavis lokalisert i Førde før 20. juni.
  2. Deloitte søker nye Revisormedarbeidarar til sine kontor i Sogndal, Førde og Florø. Som revisor og rådgjevar i Deloitte vil du jobbe prosjektbasert med revisjon av små og store, nasjonale og internasjonale selskap. Søknadsfrist er 30. juni!
  3. Har du lyst å jobbe med digital marknadsføring i eit tverrfagleg miljø i ein av Norges største sparebankar? For å styrke kapasiteten innanfor den kunderetta kommunikasjonen er Sparebanken Sogn og Fjordane på jakt etter ein Kreativ og analytisk digital marknadsførar. 
  4. Det er Ledig fastlegeheimel ved Stryn legekontorStryn kommune har 10 fastlegeheimlar og 1 turnuslege, og legetenesta er samla i nybygde, moderne lokale på Stryn helsesenter.
  5. Førde kommune ser etter Assisterande rektor ved Halbrend skule. Er du ein utviklingsorientert leiar som er tydeleg og klarar å bygge relasjonar i organisasjonen? Hugs å søke før 16. juni!
  6. Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar og eigedomsutviklarar. No ser dei etter to nye kollegaer til si satsing i Førde: Prosjekteringsleiar og Prosjekt- og anleggsleiar.
  7. Høgskulen på Vestlandet har behov for  ein Seniorkonsulent/ praksiskoordinator/studierettleiar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Sogndal. Dei treng også ein Forskingsrådgjevar ved avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon.
  8. Havyard Ship Technology AS (HST) er eit av 4 forretningsområder i konsernet Havyard Group AS. No søker dei ein Avdelingsleiar med ansvar for oppfølging av garantisaker og ettermarknad for kundar i inn- og utland.
  9. Sogn og Fjordane fylkeskommune leitar etter deg som har mastergrad i etnologi, kulturhistorie, kulturminneforvaltning, e.l. Søk på stillinga som Rådgjevar – etnolog før 23. juni. Dei treng også Rådgjevar – Landbruk og næringsverksemd i distrikta og Rådgjevar – arkitekt. 
  10. NAV Eid søker ein Jobbspesialist som kan vere ein dyktig relasjonsbyggar med initiativ, engasjement og entusiasme. Søknadsfrist 23. juni.

I tillegg har Fjaler kommune, Høyanger kommune, Sogndal kommune, Bremanger kommune og Gloppen kommune lyst ut fleire ledige stillingar.

Sjå alle ledige stillingar her. 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.