10 år med påsketreff i Nordfjord

Skriven 24.02.2016 under Nyheiter

Arbeide, bu, leve eller etablere deg i Nordfjord? 22. mars er næringsliv, kommunar og andre aktørar samla i Operahuset på Eid for å gje deg ein smakebit av alt Nordfjord har å tilby.

– Vi ønskjer å invitere alle som er nysgjerrige på ei framtid i Nordfjord/Søre Sunnmøre til treff i påska, seier prosjektleiar Arild Hjelmeland.

I 2015 var det 42 stands og 280 personar samla i Operahuset til påsketreffet. Hjelmeland håpar å få enno fleire bedrifter med på årets treff.

Påsketreffet er også for gründarar og nyetablerarar, og dørene opnar kl 18.00.

– Alle bedrifter, næringsutviklingsselskap og kommunar i dei sju kommunane og Søre Sunnmøre er inviterte til å vise breidda i kva vi har å tilby. I år er det 10 års jubileum, og vi meiner at treffet er meir aktuelt ein nokon gong med stigande arbeidsløyse, seier Hjelmeland.

Etter treffet inviterer Malakoff Rockfestival og Sparebanken Vest til underhaldning og lansering av årets festialprogram i gymmen kl 21.00. – Påsketreffet har lang tradisjon som brubyggar mellom potensielle tilflyttarar og næringslivet i Nordfjord. Vi satsar på fullt hus, seier Hjelmeland.

  • BEDRIFTSTAND – påmeldingsfrist 10. mars.
  • GJEST – påmeldingsfrist 15. mars.
  • Ønsker du å få med deg Malakoff slepp i Gymmen etter påsketreffet?
Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.