Bli traineebedrift

Arbeidsliv

Er du vår neste traineebedrift?

Som traineebedrift styrkar du ikkje berre verksemda di, men også regionen. Kvar haust tar vi inn nye traineebedrifter.

No tar vi inn nye arbeidsgivarar* i Framtidsfylket traineeprogram. Du får:

  • Ta del i ein omfattande, nasjonal marknadskampanje for å få relevante søkarar til traineestillinga di
  • Velje blant gode kandidatar i søknadsbunken
  • Ein trainee startar hos deg hausten 2024
  • ...og tilfører verksemda frisk kompetanse og ny driv!

Lanseringa av traineestillingane starta 15. desember, men det er framleis moglegheit for å bli med.

Registrer traineebedrift 2024/2025

Kvifor skal du tilsetje ein trainee?

Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje at du får tilført fersk kompetanse, friske tankar og nye perspektiv. Nyutdanna er motiverte, lærevillige og arbeidsomme kandidatar som utfordrar eksisterande tankemønster og vanar. Ein trainee kan tilføre nye idear og vere ein ressurs for bedriftsutvikling og innovasjon.

Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få toppkandidatar i søknadsbunken. I beste fall endar du opp med ei fast tilsetting etter traineeåret.

Les også: 9 gode grunnar til å bli traineebedrift

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee:

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving
  • Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket
  • Skape relevante nettverk

Dei beste kandidatane

Dei som søker traineestilling vil gjerne litt meir. Det betyr at du kan forvente ein nysgjerrig og lærevillig trainee, samtidig som du får tilført oppdatert kompetanse på bachelor- eller masternivå. Tidlegare traineeverksemder seier at ein trainee aukar kapasiteten og kompetansen deira, og bidreg til eit friskt pust i arbeidsmiljøet. I 2019/20-kullet vart 21 av 25 traineear verande i Sogn og Fjordane, og i 2021 fekk vi 900 søknadar til 31 stillingar. Ordninga tiltrekker seg kandidatar med høg kompetanse, og du kan forvente ein solid søknadsbunke.

Kva krev det å vere traineebedrift?

Du tilbyr traineen eitt års tilsetting, frå august til august, innan ønska fagområde. Intensjonen er å tilby traineane fast jobb etter avslutta traineeperiode, men dette er valfritt. I løpet av året blir traineen med på fem sosiale samlingar saman med Framtidsfyllket, samt ein utanlandstur.

Som arbeidsgjevar skal du tilby traineen ein mentor som skal følgje opp og vere ei støtte gjennom året, samt ta del i eit mentorprogram. Målet er å vite korleis ein på best mogeleg vis tek i mot og tek vare på ein nytilsett.

Vilkår for å bli trainee:

  • maks tre års arbeidserfaring
  • bachelor-, master- eller fagskuleutdanning
  • beherske norsk munnleg og skriftleg

Ønsker du å finne ut om trainee er noko for deg? Kontakt Kine på kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738 så finn vi det ut i lag.

Rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland

Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei utfordring i Vestland, og spesielt i distrikta. Framtidsfylket jobbar for at du skal få tak i nødvendig kompetanse, og til no har vi rekruttert nær 300 kandidatar til traineeprogrammet vårt. No kan du bidra til å rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland.

*Eit av vilkåra for å ta del i traineeprogrammet er at verksemda er medlem i Framtidsfylket. Sjekk ut medlemsfordelar her.

Registrering for trainee

Fleire saker